fredag, november 18, 2011

Komité for opplæring og kompetanse

Komité for opplæring og kompetanse (KOK) møtast for fyste gong måndag 28. november. Som det ligg i navnet skal vi ta for oss dei felt som kan bidra til å auke kompetansen i fylket. Eg er så heldig at eg skal virke som nestleiar for Sigmund Hagen, og eg gler meg til å kome i gang!

Ny komitéstruktur og fordeling av representantane vart vedteke på konstituerande fylkesting i oktober. Dei to andre komiteane, i tillegg til KOK, er komité for kultur, miljø og næring og komité for samferdsel. Den nye strukturen gjev tydlegare arbeidsfordeling, og det vert truleg lettare for folk å vete kven som har ansvar for kva. Det vil og bli lettare for oss folkevalde å ivareta våre respektive felt.

Oppland har mange vidaregåande skuler med høg kvalitet, dei siste åra har det vorte oppretta karrieresentre i heile fylket, nye Fagskolen Innlandet er unik og Prosjekt Innlandsuniversitetet er eit spanande arbeid som pågår. Dette er vårt utgangspunkt når vi byrjar vårt arbeid.

Eg ynskjer å bli betre kjend med opplæringsfeltet i fylket, og derfor skal vi ut på rundtur. Eg er sikker på at mange av dei beste forslaga kjem frå dei som arbeider med opplæring i kvardagen. I tillegg skal vi lytte til alle andre som kjem med innspel.

Min oppfordring til deg er å fylgje debatten framover. Fleire av representantane i KOK er aktive bloggere, så du kan fylgje med på heimesida til Oppland fylkeskommune. Du kan og kontakte oss per e-post, adresser finn du ved å trykke her. Følgjande sitt i komiteen: