torsdag, oktober 13, 2011

Skulemilliarden

Vidaregåande opplæring har vore eit satsingsområde for fylkestinget dei siste fire åra. I Oppland har vi gjort investeringar for nær ein milliard kroner i dei vidaregåande skulane våre.

Denne opprustinga inneber eit splitter nytt skulebygg på Hadeland, ein moderne skule som vil stå klar til å ta imot elevar neste år. Den omfattar og storsatsinga på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta som pilotskule for klima- og miljøarbeid. I tillegg inneber den forbetringar på Dokka, Gausdal, Vargstad og Raufoss, samt Fagskulen i Gjøvik som nå har vorte Fagskulen Innlandet. Enda er det mykje som er på gang og vi skal kontinuerleg sjå til at Opplandsskulane er oppdaterte og innbydande.

For komande periode har Arbeidarpartiet søkt samarbeid med SV, SP og KrF. I fellesskap har vi lukkast med å skape ein god politisk plattform som er vidt forankra. Vi i desse fire partia har gått saman om Gjøvik-avtala, der vi skriv følgjande om vidaregåande opplæring:

”Vidaregåande opplæring skal vere ein arena prega av inkludering og læring. Vi vil legge betre til rette for å fange opp fråfallet i vidaregåande opplæring, og vårt mål er at alle skal fullføre sitt påbegynte løp. Vidare fokus på rådgjevingstenesta og oppfølgingstenesta er viktig for å hindre fråfall. Nærskuleprinsippet skal gjelde ved inntak til vidaregåande skule. Vi vil at vaksnes læring skal fortsette å vere eit viktig satsingsområde, og vi vil inngå forpliktande samarbeid med kommunar og bedrifter for å auke talet lærlingplassar i fylket.”

Dette er ambisiøse mål, og det er knytt mykje ansvar til slike formuleringar. Eg håper likevel at vi om fire år kan si at vi har gjort grep slik at skulane våre lev opp til våre felles målsetjingar.
Dei neste fire åra vert krevjande, men spennande. Takk til alle som brukte stemmeretten. Vi skal forvalte tilliten så godt vi klarer. Eg vel å avslutte med følgjande sitat henta frå Gjøvik-avtala: ”Vi vil vidareutvikle Oppland som eit attraktivt fylke. Vi vil halde fram med det arbeidet som er gjort dei siste fire åra, og vi har framleis utfordringar som må løysast.”

0 kommentarer: